lørdag 4. januar 2014

2014 - Eit godt nytt år?

Vi satsar på eit godt nytt år i 2014 etter eit heller vanskeleg år 2013. Vi har mista fleire kjære familiemedlemmer noko som aldri er kjekt særleg når det er unge folk som har heile livet framfor seg.
Men her ei lita nyttårshelsing frå Sina og mormor. Vi laga oss kroner og feira med raudbrus,godterier og stjerneskudd.
Hurra for oss.Vi har bestämt oss for at dette skal bli eit godt år.  Og tru kan som sagt flytta fjell.

tirsdag 25. september 2012

Tida går

Dette har vel vore ein god start på hausten men dog med litt små rusk i maskineriet.
har bestemt meg for å vera med på litt garnslanking og har faktisk klart å minska lageret ein del.
 Er ferdig med ein VMgenser og vekta på den var 300g.
Ein kjole til Malene med den nette vekt av 175g.
To huer, ei svært stor og ei lita og dei vog til saman 130 g.
I helga vart det ei hue og eit armband til Malene på tilsamam 40 g.
Refleks lue

Svært stor og ganske liten hue



VM - genser.

Kjole i lingarn.

Armbånd.
Har strikka inn refleksgarn i hua til Malene og hekla to refleksblomar og sydd på.

Laurdag kom det og pakke i posten frå hemmelig venn. Det var ei heklenål,eit hefte med oppskrifter og nydeleg garn.

søndag 12. august 2012

Nytt år?

For meg er august nesten som starten på eit nytt år. Då er ferien ferdig og ofte er og inspirasjonen på topp. Den gode feriefølelsen sit igjen og gjev meg mange gode stunder. Ferien i år har vore ein av dei  beste. Sjølv om reisa til og frå feriemålet var i lengste laget nytta vi den godt.
Vind i håret gjer berre godt.

Strikka kan gjera over alt.
Vi hadde gode dagar på Barra både med og utan strikketøy. På nyhetene såg og høyrte vi kor det regna i skotland og England medan vi hadde fine dagar med sol og sjølvsagt vind. Temperaturen var ikkje nett som syden men den passa oss godt.

Rollebytte

Rollebytte

Med utsikt over Castlebay

Det var ikkje mykje garn ol. å få kjøpt på Barra men derimot på Uist var det nesten farleg.
Medan ein på Barra bakar,syltar ol.  er der meir arts and crafts på Uist.
Ein liten oase bak høge murar.
Heimespunne  og noko plantefarga.
Var mellom anna innom denne staden her. Denise Bridge er den flotte dama som held til her.
Ho spinn sitt eige garn og noko av det vert farga med sjølvplukka planter.
Her skal eg tilbake. I tillegg dyrka ho grønnsaker ol. og har og eigne høner. Å dyrka noko her ute i Ytre Hebridene er ikkje berre  enkelt så høge murar kan koma godt med.

I og med at heimreisa tok si tid vart det og handla litt ymse.

Vi kjøpte oss blant anna ei ny søppelbøtte. Ein kan gjerna le men vi synes den er både lekker og ypperleg. Stor og god med eit lokk som ikkje klappar igjen over fingrane men glir fint og stilt på plass. Ulempen er at posane som passar må kjøpast i England.

Ellers vart det handla garn. Kom heim med 3,6 kg. og det er meir enn nok.

sokkegarn

Hm- iallefall fine fargar.

Til prinsessene

Til kva ? Det må eg tenkja på.

Ein super butikk i Aalborg.

Denne vesten er i allefall til meg sjølv.
Så no vert det garnslanking. Har allereie strikka opp ca. 250g i august.  Her er litt av det som vart kjøpt.

fredag 6. juli 2012

I år går ferieturen til Isle of Barra.

For fem år sidan havna vi reint tilfeldig på øya Isle of Barra i Ytre Hebridene.( Om du lurer på kvar det er så finn fram atlaset) Vi vart berre forelska,både i staden,folket,naturen ja berre alt.
No er vi endeleg tilbake. I år har vi leigd oss ei "cottage" nett passeleg for to og blir her i nesten to veker. Med meg i kofferten har eg sjølvsagt strikketøyet men og mitt bidrag til Barra Bunting Project,ein heimesydd vimpel. No er ikkje dette nett mitt felt men noko vart det likevel. For å kunne delta i dette prosjektet må du har vore på Isle of Barra.
Baksida

Framsida.        

Det skal bli kjekt å sjå den vaie ilag med mange andre vimplar på Barra.

No er det ikkje nett ei dagsreise å koma seg hit men med strikketøy går tida fort.
Det vart strikka på båten til Danmark og der i frå på båten til England og til slutt på ferja til Barra. Det vart strikka i bilen, på tesalongar, ferjer, på puben ja overalt.
På tesalong i Skottland. Kvar?

På Stagecoach Inn i Cairndow
Stagecoach Inn i Cairndow er eit av dei eldste vertshusa i Skotland og vel verdt eit besøk. 
På ferja frå Oban til Castlebay.

Tenk å kunna sitta slik langt til havs. Veret kunne ikkje vore betre.
Kva eg strikkar på?  No er det årets julegåver som skal strikkas og litt dokkeklede innimellom.

Frå påske til sommar.

Mykje har skjedd denne våren og blogglysta har vel vore så som så.
Eg har strikka men har gløymt å ta bilder så det får koma seinare.
Den store hendinga var bryllaupet vårt på pinseaftan 26.05.
Ei fantastisk hending med utvalgte gjester.


I Årdal gamle kyrkje i Årdal i Ryfylke

Mormor og Sina. Sina i mormor sin gamle bunad.









tirsdag 10. april 2012

Og der var påsken over.

Ein svært så etterlengta påskeferie er no over. Dette gjorde godt. Utstyrt med ny bålpanne,rikeleg med lesestoff og ditto med strikketøy reiste vi på hytta i Vetlefjorden i Sogn. Vi var spente på om alt var ok etter stormane i vinter og det var det nesten. Berre fryseboksen med innhold var ødelagt ellers var heldigvis alt iorden. Til og med ein gjengløymt klut hang fint på klesnora og såg ikkje ut til å lida noko naud.
Fyrste test av bålpanna.   
               

På langfredag fekk vi kjekt besøk av to store guttar og ei lita prinsesse og ein prins.
prinsen fylte seks år på påskedag og fekk difor ny genser hos mormor. Den vart strikka ferdig på hytta.

Genseren er strikka i Lerke frå Dale. Den er langt frå perfekt men mottakaren var stolt og kry.

Prinsessa måtte og få noko nytt og det vart kjole,genser og lange strømper i Janus sin nye sommerull.

Bålpanna måtte testas ut med gjester og å grilla pølser er alltid kjekt.

Bloggarkiv

Ferien

Ferien
Aure fiska på Gaularfjellet