søndag 12. august 2012

Nytt år?

For meg er august nesten som starten på eit nytt år. Då er ferien ferdig og ofte er og inspirasjonen på topp. Den gode feriefølelsen sit igjen og gjev meg mange gode stunder. Ferien i år har vore ein av dei  beste. Sjølv om reisa til og frå feriemålet var i lengste laget nytta vi den godt.
Vind i håret gjer berre godt.

Strikka kan gjera over alt.
Vi hadde gode dagar på Barra både med og utan strikketøy. På nyhetene såg og høyrte vi kor det regna i skotland og England medan vi hadde fine dagar med sol og sjølvsagt vind. Temperaturen var ikkje nett som syden men den passa oss godt.

Rollebytte

Rollebytte

Med utsikt over Castlebay

Det var ikkje mykje garn ol. å få kjøpt på Barra men derimot på Uist var det nesten farleg.
Medan ein på Barra bakar,syltar ol.  er der meir arts and crafts på Uist.
Ein liten oase bak høge murar.
Heimespunne  og noko plantefarga.
Var mellom anna innom denne staden her. Denise Bridge er den flotte dama som held til her.
Ho spinn sitt eige garn og noko av det vert farga med sjølvplukka planter.
Her skal eg tilbake. I tillegg dyrka ho grønnsaker ol. og har og eigne høner. Å dyrka noko her ute i Ytre Hebridene er ikkje berre  enkelt så høge murar kan koma godt med.

I og med at heimreisa tok si tid vart det og handla litt ymse.

Vi kjøpte oss blant anna ei ny søppelbøtte. Ein kan gjerna le men vi synes den er både lekker og ypperleg. Stor og god med eit lokk som ikkje klappar igjen over fingrane men glir fint og stilt på plass. Ulempen er at posane som passar må kjøpast i England.

Ellers vart det handla garn. Kom heim med 3,6 kg. og det er meir enn nok.

sokkegarn

Hm- iallefall fine fargar.

Til prinsessene

Til kva ? Det må eg tenkja på.

Ein super butikk i Aalborg.

Denne vesten er i allefall til meg sjølv.
Så no vert det garnslanking. Har allereie strikka opp ca. 250g i august.  Her er litt av det som vart kjøpt.

3 kommentarer:

  1. Flotte bilder Marit!
    Ser ut som en deilig ferie;)

    Klem fra Turid;)

    SvarSlett
  2. Ein av dei beste feriane eg har hatt.

    SvarSlett
  3. Gode minne, Marit, gode minne...
    Dag

    SvarSlett

Bloggarkiv

Ferien

Ferien
Aure fiska på Gaularfjellet