fredag 6. juli 2012

I år går ferieturen til Isle of Barra.

For fem år sidan havna vi reint tilfeldig på øya Isle of Barra i Ytre Hebridene.( Om du lurer på kvar det er så finn fram atlaset) Vi vart berre forelska,både i staden,folket,naturen ja berre alt.
No er vi endeleg tilbake. I år har vi leigd oss ei "cottage" nett passeleg for to og blir her i nesten to veker. Med meg i kofferten har eg sjølvsagt strikketøyet men og mitt bidrag til Barra Bunting Project,ein heimesydd vimpel. No er ikkje dette nett mitt felt men noko vart det likevel. For å kunne delta i dette prosjektet må du har vore på Isle of Barra.
Baksida

Framsida.        

Det skal bli kjekt å sjå den vaie ilag med mange andre vimplar på Barra.

No er det ikkje nett ei dagsreise å koma seg hit men med strikketøy går tida fort.
Det vart strikka på båten til Danmark og der i frå på båten til England og til slutt på ferja til Barra. Det vart strikka i bilen, på tesalongar, ferjer, på puben ja overalt.
På tesalong i Skottland. Kvar?

På Stagecoach Inn i Cairndow
Stagecoach Inn i Cairndow er eit av dei eldste vertshusa i Skotland og vel verdt eit besøk. 
På ferja frå Oban til Castlebay.

Tenk å kunna sitta slik langt til havs. Veret kunne ikkje vore betre.
Kva eg strikkar på?  No er det årets julegåver som skal strikkas og litt dokkeklede innimellom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv

Ferien

Ferien
Aure fiska på Gaularfjellet