tirsdag 10. april 2012

Og der var påsken over.

Ein svært så etterlengta påskeferie er no over. Dette gjorde godt. Utstyrt med ny bålpanne,rikeleg med lesestoff og ditto med strikketøy reiste vi på hytta i Vetlefjorden i Sogn. Vi var spente på om alt var ok etter stormane i vinter og det var det nesten. Berre fryseboksen med innhold var ødelagt ellers var heldigvis alt iorden. Til og med ein gjengløymt klut hang fint på klesnora og såg ikkje ut til å lida noko naud.
Fyrste test av bålpanna.   
               

På langfredag fekk vi kjekt besøk av to store guttar og ei lita prinsesse og ein prins.
prinsen fylte seks år på påskedag og fekk difor ny genser hos mormor. Den vart strikka ferdig på hytta.

Genseren er strikka i Lerke frå Dale. Den er langt frå perfekt men mottakaren var stolt og kry.

Prinsessa måtte og få noko nytt og det vart kjole,genser og lange strømper i Janus sin nye sommerull.

Bålpanna måtte testas ut med gjester og å grilla pølser er alltid kjekt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv

Ferien

Ferien
Aure fiska på Gaularfjellet